Beskrivelse
Da folkeminnesamlarane kom til Telemark på 1800-talet, vart dei slegne av den rike vise- og songtradisjonen. Dei gamle mellomaldervisene – balladane – var framleis i hevd i telemarksbygdene, sjølv om tradisjonen var på hell. Men det var så som så med interessa for songarane. Så var dei da også fattige husmannsfolk, for det meste. Og samlarane hadde dårleg tid og brydde seg sjeldan om å spørje songarane ut om livet deira og om tradisjonen dei bar fram.
På denne bakgrunnen er denne boka eit eineståande verk. Boka inneheld livsskildringar av om lag 450 balladesongarar frå Telemark på 1800-talet: storsongarar med eit omfattande og imponerande balladerepertoar, såvel som meir ordinære tradisjonsberarar. Dei levde i ei brytningstid der gammalt stod mot nytt; eksempelvis emigrerte Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817) til Amerika i 1852 – Maren som song den beste forma av Draumkvedet for Landstad.