Arne Vinje

Store spel

Innbundet

kr399.00

Produktnr: 9788279593041 Kategorier: ,

Beskrivelse

Arne Vinje skildrar i denne boka verda gjennom garden Vesås i Vinje. Han fortel om særprega personar, tragiske lagnader, handverk, kunst og sterke tradisjonar, og om korleis garden og bygda gradvis blir del av større politiske og økonomiske samanhengar. Kva framtid har Vesås og norske gardar i dette biletet?

Tarjei Vesaas voks opp på Vesås, noko som viser att i forfattarskapen hans. Boka granskar korleis denne fjellbygda kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, korleis ein åndeleg gigant som Aasmund Olavsson Vinje kunne vekse fram her og kvifor folkekulturen kunne bløme så rikt i eit materielt fattig samfunn.

Grunntemaet er korleis folk tek i bruk eigne ressursar, formar omgjevnadene sine og sjølve blir forma av den naturen dei er del av – vekselspelet som Tarjei Vesaas kalla «det store spelet».

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.1 kg
Dimensjoner 25 × 18 × 3 cm
Format

Forlag

Utgitt

Forfatter