Beskrivelse
Robert Burns (1759-1796), Skottland sin nasjonalskald, skapte songar og dikt som ikkje berre har vorte ein del av den skotske folkesjela, men som og har vore med og forma den. Men Burns skreiv på dialekt, og dialekt i originalen krev og dialekt i gjendiktinga. Denne samlinga freistar å flytte eit knippe av desse tekstane over i det språklege landskapet i Vest-Telemark, i håp om at dei, slik som originalane, kan finne seg til rette blant folkedikting og folkeviser. Boka er ei parallellutgåve, med dei norske og dei skotske tekstane side om side.
Gjendikta av Peter Fjågesund og illustrert av Borghild Telnes.