Beskrivelse
Omlag 9000 norske motstandsfolk blei under andre verdskrigen deportert til fangenskap i Tyskland. Rundt 2000 kom aldri heim. Ei av dei var tanta til forfattaren, Gudbjørg Ingrid Skaug.
«I ei slekt der krigstida sette uvanleg sterke spor etter seg, har eg sett det som ei viktig oppgåve og ei kjær plikt å fortelje det eg gjennom mange år har funne ut om lagnaden til tante Gudbjørg» fortel forfattaren.