Beskrivelse
Bygdebøkene for Vinje og Rauland av Rikard Berge er tvillaust mellom dei beste i landet frå fleire synsstader. Men som ættehistoriske oppslagsbøker er dei likevel langt bortimot håplause, ettersom personalopplysningane heile vegen er ihopvovne med forteljing, og ætteinndelinga stundom kan virke slumpesam og vilkårleg. Dette gjer at mange brukarar av bøkene har bala, bleda og leita fram og attende, og kjent seg inderleg frustrerte.
Boteråda mot desse vanskane er sjølvsagt eit skikkeleg register, som det namneregisteret som no ligg fyre. Eva Mandt har utarbeidd det. Endeleg vonar vi at det vil føre til at brukarane heretter kan ha større glede av Berges bygdebøker! -Aanund Olsnes