Beskrivelse
Jarand Åsmundsson Rønjom (1750-1822) er reikna som ein av dei fremste handverkarane frå Vest-Telemark. I skildringa av Seljord frå 1786 kalla presten Hans Jacob Wille Rønjom «Den største kunstner i Øvre-Tellemarken».
Rønjom har mellom anna sett opp kyrkjene i Åmotsdal og Vinje. I tillegg laga han klokker og våpen og dreiv med smiing og sylvarbeid.