Bodil Nordjore

Gryta hennar mor : kjøtsupper frå heile Noreg

Innbundet

Å vakne ein sundagsmorgon, når kjøtsuppelukte smyg seg som mjuke skyer over heile huset, det er eit minne for livet. Det er som om luktane borar seg inn i kvar einaste krok i deg og vert buande der. Du gløymer det aldri, og vil alltid lengte attende til det.

kr499.00

Produktnr: 9788299849227 Kategorier: , , Stikkord:

Beskrivelse

Å vakne ein sundagsmorgon, når kjøtsuppelukte smyg seg som mjuke skyer over heile huset, det er eit minne for livet. Det er som om luktane borar seg inn i kvar einaste krok i deg og vert buande der. Du gløymer det aldri, og vil alltid lengte attende til det. Eg elskar kjøtsuppe, har alltid gjort det, og god kjøtsuppe vil alltid vera min favorittrett so lenge eg lever. Det er noko magisk med denne gryta som romar alt. Gamalt og nytt, røykt og urøykt koka i lag til fenomenale smakar. Berre det å eta poteter som er koka i suppelògen er noko heilt spesielt. Dei vert blanke, saftige, smakfulle og møyre. Du treng ikkje meir enn poteter som er koka i suppelòg om du er svolten nok, dei smakar gòdt kjøt. At gryta hennar mor har vore so viktig for oss er det kanskje ikkje so mange som er klar over. Heilt fram til me fekk støypejarnskomfyren, vart alt koka i ei gryte over varmen i gruva. Det fins like mange måtar og laga kjøtsuppe i gryta på som det fins suppekokarar. Ein nytta det ein hadde der ein budde. Det er ikkje fyri seinare tid at me har fengje oppskrifter. Ein tok den største kjelen ein hadde og fylte den passa med salta og røykt kjøt, gryn og ertar, heile og dela poteter og grønsaker, noko etter kvar i landet ein budde. Då vart det gild, smakfull og mettande mat til alle som kom innom dørane. Gryta hennar mor fylte mange funksjonar, den var trufast og levera alltid det du bad om. Eg vil so gjerne at mange skal kjenne og erfare at det er ikkje vanskeleg å laga kjøtsuppe, eller ei anna god suppe, den varmar hjarto og mettar magar. Du kan trylle med råvare og få magiske smakar fram. Du kan skapa opplevingar som ingen gløymer.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.80 kg
Dimensjoner 28 × 23 × 5 cm
Format

Forlag

Utgitt

Forfatter