Tone Aarak

Framand kar kjem til gards

Innbundet

kr290.00

Produktnr: 9788299264730 Kategorier: , ,

Beskrivelse

Det er ei svært dramatisk handling som er grunnlaget for Tone Aarak’s roman «Framand kar kjem til gards». Romanen byggjer på faktiske hendingar om eit mord i ei av bygdene i Vest-Telemark, ei hending som enno lever på folkemunne.

Det er historia om Ola Folahefte og Bratterudfolket. Tone Aarak har stilt seg svært fritt til stoffet, og lagt meir vekt på menneskjeskildringa enn på den tidshistoriske miljøskildringa. Men så er då også kvar einskild av dei som er med i trekantdramaet på Bratterud, menneskjetyper av stor interesse; den veike og nesten amoralske Signe, Tarjei, den meir og meir makteslause mannen hennar, og så ljåsmeden Ola Folahefte. Den framande som trengjer seg inn mellom ektefellene og vert ein katastrofe i samlivet deira.

Historia om dette dramaet omkring lengsel og begjær, om menneskeleg svakhet og grusomhet fortald med intensitet og konsentrasjon. Me vert dregne inn i dette dramaet omkring lengsel og begjær, makt og spenning

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.350 kg
Dimensjoner 21 × 14 × 2 cm
Forlag

Format

Forfatter