Åsta Østmoe Kostveit

Folkekunst, tidtrøyte eller magi : figurar på gamle treskjelåvar

Innbundet

Med denne boka greier Åsta å byggje figurteikningane i treskelåvene inn i fortellinga om det gamle bondesamfunnet på ein måte som kastar nytt lys over nettopp dette samfunnet. Det gjer ho i eit lesverdig godt språk der dei tradisjonelle nemningane blir brukte på ein måte som gjer framstillinga rikare.

kr450.00

Produktnr: 9788269116410 Kategorier: , ,

Beskrivelse

Figurkrot på treskjelåvar har truleg vore eit fenomen over mesteparten av landet. Kanskje mest utbreidd i fjell- og fjordbygder. Etter 1850 og utover då idèen om «enhetslåven» spreidde seg, vart mange gamle låvar rivne utover landet. Av ymse grunnar gjekk det ikkje slik i Vest-Telemark og andre fjell- og fjordbygder. Der er det framleis mange gamle låvar att, enn så lenge.
«Det er kornet det dreier seg om, korn gjeld liv eller død. Det verdfulle kornet – Gudslånet»
Det kjem fram i somme av figurane, dei symbolske teikna som blir bruka magisk for å verne kornet og auke lykka med avlinga. Andre figurar avspeglar kva treskjaren var oppteken av, t.d. hest og jenter og dramatiske hendingar.
Kristin Bakken, Administrerande direktør i Norsk institutt for kulturminneforsking skriv i føreordet til boka:
«Med denne boka greier Åsta å byggje figurteikningane i treskjelåvane inn i fortellinga om det gamle bondesamfunnet på ein måte som kastar nytt lys over nettopp dette samfunnet. Det gjer ho i eit lesverdig godt språk der dei tradisjonelle nemningane blir brukte på ein måte som gjer framstillinga rikare.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.1 kg
Dimensjoner 28 × 25 × 3 cm
Format

Forlag

Utgitt

Forfatter