Beskrivelse
Forlagets omtale:
Arvid Torgeir Lie (1938-2020) er blant dei fremste norske lyrikarane i etterkrigstida – original, nyskapande, overraskande og høgt verdsett av forfattarkollegaer.
Med bakgrunn i gruvesamfunnet Åmdals verk i Tokke kommune skreiv han dikt inspirert av haiku-tradisjonen, arbeidardikt, landskapsdikt og også meir sivilisasjonskritiske dikt om medieutviklinga. Tekstane speglar seg i oppvekstmiljøet, med ei sterk fellesskapskjensle, men han går også i dialog med tradisjonen og søkjer mot eit genuint uformelt, munnleg og avvæpnande poetisk uttrykk.