Beskrivelse
Dette er den sjette boka med lokalhistoriske artiklar som starta i Varden i 2015. Denne sjette boka er i sin heilskap basera på artiklar frå Telemarksavisa, der Halvor Ulvenes har vore frilandsjournalist sidan hausten 2022. I 2017 fekk Halvor Ulvenes journalistprisen av Telemark Journalistlag for denne lokalhistoriske serien.
Nesten kvar veke har folk i Telemark hatt ein rikt illustrert artikkel å gle seg til, og historiene spenner frå drap og udåd til bragder og storhendingar som prega samtida i fylket vårt.
Halvor Ulvenes (f. 1955) skreiv sin fyrste artikkel i Varden i 1974, og har vore fast tilsett journalist frå 1987 til 2022 . Før han kom til Varden, var Halvor journalist i Norges Industri og sju år i Økonomisk Rapport.