Beskrivelse
På garden Åse i Telemark levde Magnhild Øygarden (1918-1999) eit liv som i dag er vanskeleg å fatte.
Gjennom krig, sjukdom og tronge kår heldt ho saman ein stor familie og ein gard i drift – med ei stille styrke som bar alt.
Ho bar fram femten barn og mista eitt. Ho heldt kvardagen oppe, dag etter dag, år etter år.
Gjennom stemmene til barn og barnebarn teiknar boka eit nært bilde av kvardagsliv, arbeid, tru og samhald i etterkrigstidas Noreg.Besta Åse og dei 15 ungane er meir enn ei familiehistorie. Det er eit tidsbilde av eit livsverk – og av ein kvardag der lite blei sagt, men mykje blei gjort.




